torsdag 27. mai 2010

Våren er forferdeleg

No er våren her. Med alle dei gledene og problema det fører med seg. Det er jo fantastisk at sumaren nærmar seg, men for meg som pollenallergikar er våren forferdeleg. Men ein gong ein sett foten utanfor døra kjenner ein at nasen blir like tett som ein vakuumpakka ost. Augna blir raude og klør, men klø det må ein ikkje. For da blir dei raudare og hovne. Noko som ikkje er særleg behageleg. Elles så føler en seg trøytt og det er vanskeleg å konsentrere seg. Sjølvsagt går eksamensperioden og pollensesongen hand i hand.

Eg er allergikar. Eg er allergisk mot ein god del ting, og eg er huskar ikkje kva alt var. Lurt. For å poengtere dette innlegget måtte eg ta ein pause her for å klø meg litt i augna. Det eg veit eg er allergisk mot er: timotei, bjørk, burot og peanøtter. Og om eg ikkje huskar feil reagerer eg også på kveitemjøl. Nys gjer eg i alle fall, både titt og ofte.

Eigentleg har eg ikkje hatt særleg store plager med allergien min dei siste to åra. Men den som ventar på noko godt ventar ikkje forgjeves. Så i hår har allergien treft meg som ein trailer på E6. Eg er trøytt heile tida og augna mine er raude og tørre. Det som er enda meir typisk er at når allergien er som verst da har ein ikkje meir medisinar igjen. Så i dag har det vore moderat spreiing av bjørkepollen her. Eg hadde ikkje fått medisinen min så dagen har blitt tilbrakt for det meste innandørs. Alle vindauge og dører har vore lukka. Skalk alle lukker! For augneblikket føler eg at frisk luft er farleg. Men medisinen min kom i løpet av dagen. Eg har lest gjennom pakkingsvedlega til både tablettar og nesespray, vanlege biverknader er hovudverk. Akkurat det eg treng til eksamen i morgon.

Eg tvilar ikkje på at eg kan gjere det greitt, det eg er mest redd for er at eg ikkje veit korleis eg føler meg i morgon, kor trøytt eg føler meg eller om eg greier å konsentrere meg i det heile tatt. Nei, livet skal ikkje vere enkelt for ein med pollenallergi.

Sjølvsagt veit eg at det er mange fleire som har det verre enn meg. Men for å vere egoistisk så veit eg ikkje korleis dei føler det, men eg veit korleis eg føler meg. Og det er nok for meg.

For å få litt drama inni bloggen min, så vil eg sette det slik: Eg går inn i løvas hole med oddsa i mot meg.

Lukke til alle samen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar